Sogn og Fjordane satsar på grøn energi

Sogn og Fjordane er eit fylke med eit stort potensial når det gjeld produksjon, industri og lagring knytt til fornybar energi. For å få meir oversikt over moglegheitene og inspirere til meir aktivitet på området, er det no etablert eit eige Forum for Grøn Energi som skal jobbe for heile fornybarmiljøet, i tett samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune. – Eit riktig steg for auka verdiskaping i fylket vårt i framtida, seier styreleiar Geir Arne Solheim.

Sogn og Fjordane er frå før ein sentral region når det gjeld regulert og uregulert vasskraft, og fylket har vore tidleg ute på vindkraftområdet. I tillegg ligg aktørar i fylket lengst framme på mellom andre termisk energi og industriell produksjon knytt til solenergi og vindenergi. Aktørar i fylket er òg langt framme på bølgjekraftutvikling og ein jobbar med å utvikle nye prosjekt knytt til tidevasskraft, bioenergi og waste-to-energy. For ikkje å snakke om prosjekt som tek føre seg smart bruk av energi knytt til datalagring! Alt dette fortel om ein region som har vilje og kunnskap om fornybare løysingar. Og med eit enno tettare samarbeid er det håp om å utløyse enno meir verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Ser grønt på framtida

Styreleiar i Forum for Grøn Energi, Geir Arne Solheim, er svært optimistisk på fylket sine vegner.

– Knapt nokon region i verda har det potensialet som vi sit på, all den tid vi både har store fornybarressursar og teknologibedrifter og heimemarknad som kan utnytte løysingar og energikjelder. I framtida vil det nok i endå sterkare grad bli viktig å eksportere både energi og teknologi, slik at vi får ein positiv inntektsstraum til fylket. Det vil igjen skape nye arbeidsplassar i fylket, seier Solheim.

Solheim ser det som viktig at ein både tenkjer komplette verdinettverk lokalt og regionalt, i tillegg til at ein knyt til seg gode kontaktar i regionen rundt og i verda elles for å realisere potensialet.

– Det er mange spesialistar der ute, men det er ikkje alltid like lett å orientere seg i marknaden. Vi i Forum for Grøn Energi har som mål å bidra til å skape møteplassar, auke merksemda kring aktørane i regionen og auke kunnskapen om moglegheitene som finst i marknaden. Vi håper og trur at dette forumet finn ein viktig plass og kan bli eit viktig verktøy for både næringsliv, politikarar og organisasjonar som er opptekne av fornybar energi, seier Solheim.